Sylvi Listhaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sylvi Listhaug.
Foto: Framstegspartiet.

Sylvi Listhaug (fødd 25. desember 1977 i Ålesund) er ein norsk politikar (Frp). I 2013 blei ho utnemnd til landbruks- og matminister i Solberg-regjeringa. Listhaug har vore medlem av sentralstyret i Framstegspartiet sidan 2005.

Ho var byråd med ansvar for pleie- og omsorgstenesta, sosialtenesta, rusomsorga og barnevernet i Oslo 2006–2011. I åra 2009–2011 fungerte ho også som byrådsnestleiar.

Familiebakgrunn og yrkeskarrière[endre | endre wikiteksten]

Listhaug er oppvaksen på ein familiegard med mjølkeproduksjon i ØrskogSunnmøre.[1] Som tenåring var ho ivrig fotballspelar. Ho har studiekompetanse frå Spjelkavik vidaregående skule frå 1996 og utdanninge som adjunkt med fordjuping i samfunnskunnkap, historie og spesialpedagogikk frå Høgskulen i Volda frå 2000.

Ho hadde ei praktikantstilling i representanthuset i Washington, D.C. 2004–2005. Hausten 2006 var ho tilbake i Washington, D.C. i fire månader for å studere amerikansk politikk. Hun var pleieassistent ved Ørskog aldersheim 1995–2000 og faglærar ved Sjøholt skule i Ørskog 2000–2001. I 2012 blei ho seniorrådgjevar i PR-byrået First House i Oslo.

Sylvi Listhaug er gift og har born.

Politisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

Ho har sin politiske bakgrunn frå Framstegspartiets Ungdom, der ho sat i sentralstyret 2002–2006. Listhaug var politisk rådgjevar for Framstegspartiets fraksjon i Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskningskomité 2001–2004 og byrådssekretær for Margaret Eckbo i 2005. Då Eckbo trekte seg som byråd, overtok Listhaug som byråd for helse og eldreomsorg i januar 2006.

Som byråd ønskte Listhaug blant anna å gjera Oslo til eit utstillingsvindauge for fritt brukarval i eldreomsorga,[2] og stod bak innføringa av fritt brukarval innanfor heimehjelpstenesta i 2006. I 2011 blei fritt brukarval også innført i heimesjukepleia.[3] Listhaug har også gått inn for å auka satsinga på heimehjelp[4][5] samt gjeninnføra aldersheimane[6][7] i Oslo. Listhaug er oppteken av å auka kvaliteten på sjukeheimane og har innført Lotte-modellen[8] ved blant anna Fagerborghjemmet, Manglerudhjemmet og Lilleborg sykehjem i Oslo.[9][10]

I august 2009 blei det sett søkeljos på Listhaugs involvering i sjukeheimskandalen i Spania.[11] I februar 2010 tok Erling Folkvord frå Raudt til orde for at Listhaug burde ha gått av som følgje av saka.[12]

Ho var vararepresentant til Stortinget frå Møre og Romsdal 2001–2009, deretter 1. vararepresentant fra Oslo 2009–2013, og møtte i til saman tre månader.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]