Symfoni nr. 13 av Mozart
| Symfoni nr. 13 i F-dur K. 112 Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart |
||
| Periode | Wienerklassisismen | |
|---|---|---|
| Komponert | 1771 | |
| Første framføring | November 1771 | |
| Typisk lengd | 12:59 | |
| Satsar | 4 | |
Symfoni nr. 13 i F-dur, K. 112, av Wolfgang Amadeus Mozart, vart skriven i Milano hausten 1771. Symfonien er i fire satsar, og den andre er instrumentert berre for strykarar.[1] Verket har originalitet og humor, og nyttar særs få instrument.[2] Den tredje satsen, menuetten, kan ha vorte skriven tidlegare og innlemma i symfonien. Det signerte manuskriptet syner at menuetten vart kopiert av Leopold Mozart.[1] Nicholas Kenyon skildrar Symfoni nr. 13 som den siste i «tradisjonell form»—etter dette «er vi i byrjinga av ei anna verd»[3]
Innhaldsliste |
Satsar og instrumentering [endre]
Instrumenteringa var strykarar, 2 oboar, 2 horn, fagott, continuo[1]
Framføring [endre]
Den første framføringa var truleg på ein konsert med Leopold og Wolfgang Mozart i bustaden til Albert Michael von Mayr, den 22. eller 23. november 1771.[1] På denne konserten kan ein òg kanskje for første gong ha høyrt Mozarts 12. symfoni.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 13 (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Dearling, Robert: The Music of Wolfgang Amadeus Mozart: The Symphonies Associated University Presses Ltd, London 1982 ISBN 0-8386-2335-2
- Kenyon, Nicholas: The Pegasus Pocket Guide to Mozart Pegasus Books, New York 2006 ISBN 1-933648-23-6
- Zaslaw, Neal:Mozart's Symphonies: Context, Performance Practice, Reception OUP, Oxford 1991 ISBN 0-19-816286-3
Bakgrunnsstoff [endre]
- Sinfonie in F KV 112: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Symphony No. 13: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
|
|
|
|---|---|
|
1 · 2a · 3b · 4 · 5 · 6 · 7 · 8 · 9 · 10 · 11 · 12 · 13 · 14 · 15 · 16 · 17 · 18 · 19 · 20 · 21 · 22 · 23 · 24 · 25 · 26 · 27 · 28 · 29 · 30 · 31 (Paris) · 32 · 33 · 34 · 35 (Haffner) · 36 (Linz) · 37c · 38 (Praha) · 39 · 40 · 41 (Jupiter) |