Symfoni nr. 6 av Mozart
| Symfoni Nr. 6 i F-dur, KV. 43 Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart |
||
| Periode | Wienerklassisismen | |
|---|---|---|
| Komponert | 1767 | |
| Første framføring | 30. desember 1767 i Brno | |
| Typisk lengd | 12:03 | |
| Satsar | 3 | |
Symfoni nr. 6 i F-dur, K. 43, vart komponert av Wolfgang Amadeus Mozart i 1767. I følgje Alfred Einstein i 1937-utgåva si av Köchel-katalogen, vart symfonien truleg starta i Wien og gjort ferdig i Olomouc, ein by i Mähren der familien Mozart reiste til då det var kopparepidemi i Wien.[1]
Symfonien er i fire satsar og er den første Mozart skreiv i tonearten F. Han vart først framført i Brno den 30. desember 1767[1] Autografen på partituret er i dag bevart i Biblioteka Jagiellońska i Kraków.[2]
Innhaldsliste |
Satsar og instrumentering [endre]
Instrumenteringa for den første framføringa var 2 fløyter; 2 oboar; 2 horn; fagott; strykarar og klaver-continuo.[1] Fløyteen vert nytta i andre sats i staden for oboane.[3] For første gong i ein symfoni nytta Mozart to obligatoriske bratsj-parti.[4]
Dette er den første symfonien til Mozart med fire satsar, der han innførte ein menuett og ein trio for første gong, noko som vart vanleg i mange av symfoniane hans sidan. Satsane er:
Første framføring [endre]
Symfonien var ein del av ein konsert arrangert av grev av Schrattenbach, bror til erkebiskopen av Salzburg, som vart halden av Mozart-familien[5] den 30. desember 1767 på ei kro i Brno.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 6 (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 26. desember 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Zaslaw, Neal: Mozart's Symphonies:Context, Performance Practice, Reception OUP, Oxford 1991 ISBN 0-19-816286-3
- Kenyon, Nicholas: The Pegasus Pocket Guide to Mozart Pegasus Books, New York 2006 ISBN 1-933648-23-6
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Zaslaw, s. 109–112
- ↑ Mozart, Wlofgang Amadeus; Giglberger, Veronika (preface), Robinson, J. Branford (transl.) (2005). Die Sinfonien I.. Kassel: Bärenreiter-Verlag. ss. X. ISMN M-006-20466-3
- ↑ Neue Mozart-Ausgabe (Partitur)
- ↑ Brown, A. Peter, The Symphonic Repertoire (Volume 2). Indiana University Press (ISBN 0-253-33487-X), s. 350-351 (2002).
- ↑ Leopold Mozart, den 11 år gamle Wolfgang Amadeus, og den 15 år gamle Nannerl
Bakgrunnsstoff [endre]
- Sinfonie in F KV 43: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Symphony No. 6: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
|
|
|
|---|---|
|
1 · 2a · 3b · 4 · 5 · 6 · 7 · 8 · 9 · 10 · 11 · 12 · 13 · 14 · 15 · 16 · 17 · 18 · 19 · 20 · 21 · 22 · 23 · 24 · 25 · 26 · 27 · 28 · 29 · 30 · 31 (Paris) · 32 · 33 · 34 · 35 (Haffner) · 36 (Linz) · 37c · 38 (Praha) · 39 · 40 · 41 (Jupiter) |