Symfoni nr. 7 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Symfoni Nr. 7 i D-dur,
KV. 45
Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1768
UrframføringMars 1768
Revidert1768
Typisk lengd10:58
Satsar/akter4
ToneartD-dur

Symfoni nr. 7 i D-dur, K. 45, av Wolfgang Amadeus Mozart, vart skriven ferdig i Wien i januar 1768 etter at familien hadde kome attende frå Olomouc og Brno i Mähren. Symfonien er i fire satsar. Den første framsyninga var truleg ein privat konsert.[1] Symfoni vart omarbeidd og vart overtureen til operaen La finta semplice, K. 51,[2] komponert og framført seinare same året, og overturen vart igjen seinare omfofrma til ein ny symfoni, i Köchel 1964 (K6) som K. 46a. Autografen på partituret vert i dag bevart i Staatsbibliothek Preusischer Kulturbesitz i Berlin.[2]

Satsar og instrumentering[endre | endre wikiteksten]

For den originale (K. 45) versjonen var instrumenteringa strykarar, 2 oboar, 2 horn, 2 trompetar, pauke, fagott, continuo. For den symfoniske overturen (K. 46a) vart trompetane erstatta med fløyter, ein ekstra fagott vart lagt til og ein tok bort paukene.[1][3]

  1. Allegro, 4/4
  2. Andante, 2/4
  3. Menuett og Trio, 3/4 (denne satsen vart fjerna frå overture-versjonen)[3]
  4. Molto allegro, 2/4

Framføring[endre | endre wikiteksten]

I følgje musikkanalytikaren Neal Zaslaw vart K. 45 første gong framført på ein konsert halden av prinsen av Galitzin, den russiske ambassadøren, i Wien seint i mars 1768.[1] K. 46b-versjonen vart høyrt på premieren til La finta semplice, i Salzburg den 1. mai May 1769.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Zaslaw, s. 114–18
  2. 2,0 2,1 Mozart, Wolfgang Amadeus; Giglberger, Veronika (preface) (2005). Die Sinfonien III. Sett om av Robinson, J. Branford. Kassel: Bärenreiter-Verlag. s. XIII.  ISMN M-006-20466-3
  3. 3,0 3,1 3,2 Osborne, s. 40

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]