Symon Petlura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Symon Petlura

Statsborgarskap Det russiske imperiet, Den ukrainske folkerepublikk
Fødd 22. mai 1879
Poltava
Død

25. mai 1926 (47 år)
Paris

Yrke politikar, teaterkritiker, journalist
Språk ukrainsk, russisk
Politisk parti Revolutionary Ukrainian Party, Ukrainian Social Democratic Labour Party
Religion ortodoks
Ektefelle Olha Petliura
Symon Petlura på Commons
Viktor Jusjtsjenko ved Symon Petluras grav i 2005 på Montparnassekyrkjegarden

Symon Vasiljevitsj Petlura (10. mai 187925. mai 1926) Han var ein ukrainsk politikar, publisist, forfattar og journalist.

Petlura levde utanlands på grunn av deltakinga i opposisjonen mot tsarveldet til 1905, då han vende attende til det russiske riket.

Då den ukrainske såkalla folkerepublikken kom til i 1917 blei han den første krigsministeren i regjeringa og deltok personleg i den russiske borgarkrigen mot bolsjevikane.

tyskarane okkuperte Ukraina i 1918 blei Petlura med i krigen mot dei og samtidig mot bolsjevikane og den tsaristiske "kvite" arméen til Anton Denikin.

Petlura var farga av ukrainsk nasjonalt patos, men denne var samanbunden med antisemittisme og pogromar som kosta titusenvis av jødar livet.

Kampen mot fleire fiendar tvinga Petlura til å trekkje seg tilbake til Polen i 1920.

Han blei sidan drepen i Paris, av ein jøde som heitte Sholom Schwartzbard (Shalom Schwarzbard/Sholem Shvartsbard), som hemn for ein pogrom i byen Proskurov der blant anna familien til denne mannen blei myrda.

I mangt og mykje har ettermælet til Petlura blitt farga av antisemittismen han har blitt forbunde med. Likevel blir han i dag hylla av visse kretsar i Ukraina (sjå nedste bilde).

Kjelde:[endre | endre wikiteksten]

I hovudsak den svenske wikipediaen, art. med same namnet, som lesen 20. oktober 2008.