Symra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg symre

Symra er den einaste diktsamlinga Ivar Aasen gav ut medan han levde. Samlinga er eit prov på at det let seg gjera å dikte godt på landsmål. Attåt gir det eit godt bilete av Aasen som diktar. Mange av dikta vart snøgt folkeeige, og vart tekne opp i folketradisjonen som viser.

Første utgåva gav han ut i 1863. Den hadde titelen: Symra, Tvo Tylvter med nya Visor. Den endelege utgåva kom i 1875. Då hadde Aasen brigda ho to gonger.

Aasen nyttar kjende folkeviseformar i desse dikta, mellom anna nystev-forma, og byggjer ofte på gamle ordtak og folkelege uttrykk. Visene har ofte vore med i dei klassiske skolesongbøkene, og nokre av dei, som «Nordmannen», er rekna som nasjonalsongar.

Nokre av dikta er tonsette av kjende komponistar som David Monrad Johansen, Sparre Olsen og Eivind Groven. I høve Aasen-jubileet i 1996 vart fleire av visene i samlinga sunge inn på folketonar av kvedargruppa Dvergmål. Henning Sommerro har óg sunge inn nokre av dei på plata Neonlys på Ivar Aasen frå 1983.

Innhald [endre]

  • «Fyrestev»
  • «Gamle Norig»
  • «Nordmannen» («Millom bakkar og berg»)
  • «Dei gamle Fjelli»
  • «Heimvegen»
  • «Gamle Grendi»
  • «Vaardagen»
  • «Sumarkvelden»
  • «Haustvisa»¨
  • «Hugen»
  • «Von og Minne»
  • «Saknad»
  • «Elskug-kvæde»
  • «Det einlege standet»
  • «Ymse Vasarlag (1875)»
  • «Tolugd Mod»
  • «Tjon og Von»
  • «Fals og Fusk»
  • «Uvitingskap»
  • «Høgferd»
  • «Hugen til Rikdom»
  • «Att og fram»
  • «Gløymska»
  • «Livet»
  • «Vit og Tru»
  • «Etterstev»

Kjelder [endre]

Wikisource SymraWikikilden (frie originaltekstar)