Syn og Segn
Syn og Segn er eit allmennkulturelt tidsskrift som handlar om politikk, litteratur og samfunn. Det kjem ut fire gonger i året og er på nynorsk. Det Norske Samlaget er utgjevar, medan bladet får støtte frå Norsk kulturfond og stiftinga Fritt Ord.
Tidsskriftet vart grunnlagt i 1894 av Arne Garborg. Seinare redaktørar har mellom anna vore Moltke Moe, Halvdan Koht, Olav Midttun, Bjarte Birkeland og Berge Furre. Bladet fekk dei første kvinnelege redaktørane sine i 1980, Astrid Brekken og Sigrid Strand, og har fortsett etter ei slik linje, med Hilde Sandvik og Teresa Grøtan som redaktørar i 2005. Frå 2006 har Bente Riise vore redaktør. Tidsskriftet blei kåra til Årets tidsskrift i Noreg i 2010.
Tidsskriftet er medlemsbladet til Litteraturselskapet Det Norske Samlaget og i hovudsak eit abonnementsblad, men finst òg i nokre Narvesenkioskar og bokhandlar i dei store byane. Bladet er òg tilgjengeleg i bibliotek i store delar av landet.
Redaktørar [1] [endre]
- Rasmus Flo 1894-1905
- Arne Garborg 1894-1897
- Arne Garborg 1905-1907
- Moltke Moe 1894-1900
- Halvdan Koht 1901-1908
- Rasmus Løland 1907
- Olav Midttun 1908-1960
- Magne Skodvin 1951-1959
- Bjarte Birkeland 1960-1968
- Berge Furre 1967-1971
- Bjarne Fidjestøl 1969-1973
- Andreas Skartveit 1972-1978
- Sverre Tusvik 1977-1980
- Astrid Brekken 1979-1983
- Sigrid Straand 1979-1983
- Jon Tvinnereim 1979-1982
- Ottar Grepstad 1984-1988
- Borghild Gramstad 1989-1992
- Jan Inge Sørbø 1992-1997
- Nils Rune Langeland 1998–2002
- Hilde Sandvik 2003-2006
- Marit Eikemo 2003-2006
- Bente Riise 2006-