Synagoge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jødedommen
Star of David.svg
Skrifter
Tanákh
Torá · Nebiím · Ketubím )
medrásj · Mekhiltá
Haggadá · siddúr
Talmúd
Misjná · Jerusjalmí
Bablí · Toseftá
Emunót vede‘ót
Misjné Torá
Moré nebukhím
Sjulḥán ‘arúkh · Mappá
Me‘ám lo‘éz
S. jesirá · Bahír · Zohar
Gudsteneste og bøn
Tempelet i Jerusalem
synagoge · minján
sjaḥarít · musáf
minḥá · ne‘ilá · ʿarbít
Modé aní · Sjemá‘
torálesing
kaddísj · ‘amidá
prestesigninga
‘alénu
kiddúsj · hammosí
b. hammazón
habdalá
Merkedagar
det jødiske året
pesah · ‘omer · sjabu‘ót
tisj‘á beáb · seliḥót
rosj hasjaná · kippúr
sukkót · sjeminí ‘aséret
simhat Torá · hanukká
tu bisjbát · purím
Livssyklus
berít milá
pidjón habbén
zebed habbát
bar miṣvá · bat miṣvá
bryllaup
Rituelle yrke
rabbinar · ḥazzán
daján · gabbáj
sofér · sjoḥét
Daglegliv
halakhá · bet din
mat · kasjrút  sjeḥitá
mikvé · tebilá · sjabbát
tallét · tefillín
Kulturell inndeling
sefardisk · askenasisk
mizrahisk · jemenittisk
italkisk · romaniotisk
Beta Esrael · Bene Israel
cochini · b. Menasjé
Teologisk inndeling
samaritansk
karaittisk
rabbanittisk
ortodoks · ḥasidisk
konservativ · reform
rekonstruksjonistisk
renewal · humanistisk
 
Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme
Utsida av ein synagoge i rue Joseph Dupont, Brüssel

Synagoge (frå gresk συναγωγη) er den generelle termen for jødiske bønne- og forsamlingshus. Hovudrommet i ein synagoge inneheld normalt ei ark (aron hakkódesj eller hekhál) der torárullane blir lagra; ei opphøgd leseplattform (bima eller tebá) for torálesing og leiing av bønn, og eit evig lys (ner tamíd) til minne om den sjuarma lysestaken i Tempelet i Jerusalem. I ortodokse og mange tradisjonelle synagogar er det oftast eit fysisk skilje, mehissá, mellom manns- og kvinnedelane av synagogerommet.

Andre namn for ‘synagoge’ inkluderer hebraisk בֵּית כְּנֶסֶת (bet keneset), jiddisch שׁוּל shul, spansk/portugisisk esnoga og hovudsakleg reformjødisk tempel.

Planløysing[endre | endre wikiteksten]

Forenkla planløysing over interiøret i ein typisk vestsefardisk synagoge (Grafikk: Olve Utne)

Det sentrale rommet i ein synagoge er sjølve gudstenesterommet. Planløysinga i dette rommet har ein del fellestrekk, men òg ulikskapar mellom ulike tradisjonar. I det følgjande vil tre typiske planløysingar bli skildra — den bipolare, den sentralorienterte og den unipolare planløysinga.

Bipolar planløysing[endre | endre wikiteksten]

  • Hekhál (arka, toráskåpet) er plassert midt på austveggen (eller tilsvarande annan vegg om Jerusalem ikkje ligg i retning aust frå synagogen)
  • Tebáen ligg på eller nærme vestveggen, altså i motsett ende av rommet frå hekhálen.
  • Benkeradene er plasserte på langs av rommet og snur mot midtaksen av rommet. (Sjå teikninga til venstre.)
  • I bipolare synagogar blir normalt heile gudstenesta leia frå tebáen, anna enn dei få delane som går føre seg ved den opne hekhálen.
  • I synagogar med mehissá er kvinneseta oftast plasserte på eit galleri langs sideveggene og ofte òg atterveggen.

Den bipolare planløysinga er typisk for romaniotisk, italiensk, provençalsk og sefardisk jødedom. Det er òg dokumentert enkelte eksempel på bipolare synagogar i Litauen.

Sentralorientert planløysing[endre | endre wikiteksten]

  • Oppsettet liknar på dei bipolare synagogane, med hovudskilnaden at tebáen eller bimaen ligg nærme midten av rommet.
  • Benkeradene kan snu anten mot midtaksen av rommet eller mot arka.
  • I sefardiske og enkelte askenasiske synagogar blir det meste av gudstenesta leia frå tebáen (bimaen), men i fleirtalet av dei ortodokse askenasiske synagogane i Aust-Europa vart mykje av gudstenesta leia frå ein mindre lesepult nærme arka.

Sentralorientert planløysing er vanleg i askenasisk-ortodoks jødedom og i mizrahisk jødedom.

Unipolar planløysing[endre | endre wikiteksten]

I moderne ikkje-ortodoks jødedom i Nord-Amerika er bimaen og dukhánen (plattforma ved arka) samanslegne, og bimaen og arka (aron hakkódesj) ligg saman fremst i synagogerommet. Benkeradene vender mesta alltid mot dette området, som har mange fellestrekk med ei teaterscene.

Vidkjende synagogar[endre | endre wikiteksten]

Skandinavia og nærområda[endre | endre wikiteksten]

Det mosaiske trossamfunn sin synagoge i Bergstien i Oslo; oppført 1918; arkitekt Herman Herzog; innvidd 21. mai 1920. Tekst over inngangen: «Dette skal vere eit bønnehus for alle folkeslag.»

Hamburg og Schleswig-Holstein[endre | endre wikiteksten]

Danmark[endre | endre wikiteksten]

Den eldste noverande synagogen i Danmark ligg i Krystalgade i København og vart innvigd i 1833. Denne synagogen blir bruka av Det mosaiske Troessamfund i Danmark, ei moderne ortodoks meinigheit. Det finst òg ein synagoge i Ole Suhrsgade som høyrer til den strengare ortodokse meinigheita Machsike Hadas og som no blir driven av Chabad Danmark. I dei siste par åra har den reformjødiske meinigheita Shir Hatzafon etablert seg som eit alternativ, men dei har enno ikkje nokon fast synagoge.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg finst det i dag to synagogar — éin i Oslo og ein i Trondheim. Synagogen i Trondheim er elles ein av dei nordlegaste i verda. (Den aller nordlegaste synagogen i verda ligg, såvidt kjent, i Fairbanks i Alaska.) Andre synagogar har òg vore i bruk — inkludert eit leigd lokale i Folkets Hus i Kristiansund føre andre verdskrigen.

Sverige[endre | endre wikiteksten]