Synagogen i Malmö

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Synagogen i Malmö

Synagogen i Malmö (Malmö synagoga) vart teikna av den lokale arkitekten John Smedberg og oppført og innvigd i 1903. Synagogen, som er den einaste i Malmö er ein av dei få attståande synagogane i Europa som er bygd i maurisk stil, ettersom dei fleste av desse vart øydelagde under Krystallnatta i 1938. Ytterveggene i synagogen er pryda av lotusblomstrar, og talet åtte — «Herrens tal» — blir oppatteke i dekoren. Tempelet i Jerusalem vart helga i åtte dagar.

Ved innvigjinga av synagogen i Malmö var Malmös første ikkje-kristne gudstenestelokale. Krav frå meinigheita når synagogen skulle byggjast var rom for 200 personar, bustad for vaktmeistaren, og ein mikvé (rituelt bad). Sluttsummen for oppføringa vart kring 65 500 kroner i datidas pengeverdi, som svarar til om lag 3 millionar kroner i dag. Da synagogen fylte 100 år vart ei jubileumsbok utgjeven, Templets sten föll på Föreningsgatan. Malmö synagoga 100 år, skriven av Jan Mark og Claes Fürstenberg og med bilete av Merja Diaz.

Synagogen er open for studievitjing etter avtale.