Synchysitt-(Ce)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein synchysitt med ukjend komposisjon.

Synchysitt-(Ce) er eit gult til brunt mineral, eit fluorhaldig karbonat av kalsium, cerium og andre lantanoidar, formel CaCe(CO3)2F. Det er nærskyldt med parisitt, som ofte dannar regelmessige samanvoksingar med synchysitt, såkalla polykrystall. Synchysitt vart opphavleg forveksla med parisitt, derav namnet.

I Noreg er det kjent frå Kongsberg og Fensfeltet, på druserom i drammensgranitt ved Nedre Eiker kyrkje og i syenitt ved Gjerdingselva i Nordmarka, og dessutan i rombeporfyrlava ved Asker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]