Syndrom som skuldast hjernestammeslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Syndrom som skuldast hjernestammeslag er ei samnemning for ulike tilstandar som skuldast hjerneslag i hjernestamma. Slike syndrom inneber ofte svekking av nucleus nervi cranialis og dei lange fibrane i ryggmergen. Vanlege symptom er vertigo, ørske og kraftig ubalanse, men utan veikleik i den eine sida av kroppen, som vanlegvis kjenneteiknar hjerneslag. Dei førnemnde symptoma plar å oppstå samstundes; ørske i seg sjølv er ikkje eit teikn på hjerneslag. Hjernestammeslag kan også føre til dobbelsyn, uklår tale og nedsett medvit. Eit meir alvorleg utfall er locked-in-syndrom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.