Syndsvedkjenning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei syndsvedkjenning er i religiøs samanheng å sanne syndene sine.

I evangelisk-lutherske, katolske og ortodokse kyrkjer inngår syndsvedkjenninga som ein del av liturgien, oftast som ein fastlagt tekst. I karisamtiske forsamlingar vil dei oftare bruke ei friare formulert syndsvedkjenning.

Ei spesiell form for syndsvedkjenning er den konkrete vedkjenninga i det private skriftemålet. Ei felles syndsvedkjenning inngår i det allmenne skriftemålet, som i nokre kyrkjelydar vert bruka før nattverden.

Syndsvedkjenninga i Den norske kyrkja[endre | endre wikiteksten]

I Den norske kyrkja var det alminnelege skriftemålet, der syndsvedkjenninga inngjekk, lenge obligatorisk før nattverden. I 1887 vart syndsvedkjenninga ein fast del i opninga av gudstenesta. Etter gjeldande liturgi framseier kyrkjelyden denne syndsvedkjenninga:

«Heilage Gud, himmelske Far. Sjå i nåde til meg, syndige menneske, som har såra deg med tankar, ord og gjerningar og kjenner den vonde hug i hjarta mitt. For Jesu Kristi skuld ha tol med meg. Tilgjev meg alle mine synder, og gjev at eg må ottast og elska einaste deg.»

Syndsvedkjenninga er ein omdiskutert ledd i gudstenesta, det er hevda at ei slik formulering betre høyrer heime i det individuelle skriftemålet.

I utprøvinga av ny liturgi for Den norske kyrkja, er syndsvedkjenninga flytta til starten av forbønsleddet. Denne liturgien er planlagd å verte teken i bruk frå 2010, men er allereie teken i bruk i fleire forsøkskyrkjelydar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]