Synkopering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døme på musikk med synkopering.
Døme på synkopering ved hjelp av ei punktert note.
Døme på synkopering ved hjelp av pausar.
Døme på synkopering ved hjelp av bindeboge.

Synkopering eller synkope i musikk vil seia at betoninga blir forskuva ved at ein lett taktdel blir bunde saman med ein tung taktdel som kjem etter.[1] Dette gjev ei uventa endring av rytmebetoninga, og kan gje musikken ei kjensle av driv og framdrift.[2] Synkopering er eit vanleg verkemiddel i mange typar musikk, særleg dansemusikk. Det er også svært vanleg i vestlege poplåtar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Synkope: musikk» (9. mai 2012), Store norske leksikon. Henta 8. desember 2013.
  2. 2,0 2,1 Maja Sojtaric, «Oppskriften på en hitlåt» (21. november 2008), forskning.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Synkopering