Synnøve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Politikaren Synnøve Solbakken.

Synnøve og Synøve er norske kvinnenamn avleia av det engelske namnet Sunniva, frå gammalengelsk Sunngifu, der sunn tyder 'sol' og gifu 'gåve'.

Synnøve og det avleia namnet Synne har namnedag 8. juli, etter minnedagen til den heilage Sunniva.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Namna spreidde seg i Noreg på grunn av den heilage Sunniva som døydde på Selja900-talet. Dei har vore brukt i Noreg sidan om lag år 1000, og har spreidd seg til resten av Norden og er i bruk på Færøyane, Island og i Sverige, Danmark og Finland. Norske variantar av namnet er Sunni, Synne, Synnev, Synnøv, Sønnev og Sønnøv. Svenske variantar er Sönni, Sönne og Sönneva.

Det er om lag 8 000 norske kvinner som heiter Synnøve eller Synøve, 2 600 som heiter Synne, og 2 920 som heiter Sunniva.[1] Den siste, eldre utgåva av namnet er teke opp att sidan slutten av 1960-talet og fekk ein enorm popularitet som toppa seg rundt år 2000.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. (SSB 2005)