Synnøve Marie Sætre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Synnøve Marie Sætre
Fødd 28. mai 1990 (33 år)
Verv Leiar i Norsk Målungdom
Periode 2015-2017
Føregangar Karl Peder Mork
Etterfylgjar Fredrik Hope

Synnøve Marie Sætre (fødd 28. mai 1990) er ei norsk målkvinne frå ØrstaSunnmøre. Landsmøtet i Norsk Målungdom valde henne til leiar i 2015. Ved Landsmøtet i 2016 vart ho attvald som leiar. Tidlegare har ho vore sentralstyremedlem (2013–2014) og skrivar (2014–2015) i same organisasjonen.

Sætre har bakgrunn som lektorstudent ved Universitetet i Oslo, og var aktiv i Studentmållaget i Oslo[1] før ho vart vald inn i sentralstyret i 2012. Hausten 2015 begynte ho på mastergradsstudiet i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda.[2] Sætre har trekt fram språk i skulen som si fremste språkpolitiske hjartesak.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sunnmørsposten (2015). «Synnøve Marie Sætre ny leiar i Målungdomen» (på nynorsk). Henta 24.03.2015. 
  2. Framtida.no (2015). «– Målungdommen er førsteprioritet» (på nynorsk). Henta 24.03.2015. 
  3. Utdanning (2015). «24-åring fra Ørsta skal lede Målungdommen» (på bokmål). Henta 24. mars 2015.