Synnøve Riste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Synnøve Riste
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. august 1858
Volda kommune Sjå dette på Wikidata
Død

22. oktober 1889 (31 år)
Volda kommune Sjå dette på Wikidata

Yrke redaktør
Far Rasmus R. Aarflot Sjå dette på Wikidata
Born Rasmus Aarflot Riste

Synnøve Oline Riste (fødd Aarflot, fødd 19. august 1858 i Volda, død 22. oktober 1889 i Volda) var ein norsk redaktør, målkvinne og kvinnesaksforkjempar. Rasmus R. Aarflot var far hennar.

Jamvel om ho kom frå ein av storgardane i bygda og var oldebarn av Sivert Aarflot hadde ho ein vanskeleg oppvekst. Heile åtte søsken døydde som små eller unge, og når mora reiste bort ei tid fekk Riste som ung mykje ansvar. Samstundes var ho eit gåverikt barn, og nytta fritida si til å lese. Ho gjekk på kveldsskule i landsmål drive av Per Riste, og på sommarkurs for jenter på Vonheim folkehøgskule. På landsmålsskulen blei ho påverka av grundtvigianismen. Ved å slutte seg til denne trusretninga fekk ho òg styrkt trua på eigne evner. Ho kritiserte kvinna si stilling i samfunnet: «Eg tenkjer den tidi må koma no, då me ser på gjenta ikkje berre som ei «gjøldedokke» som ikkje duger til annat enn å sulla i svevn ein skrikarunge og koka skapeleg graut». Samstundes reagerte ho òg på sosial urettferd i lokalmiljøet.

I 1881 gifte ho seg med den tidlegare landsmålslæraren sin, Per Riste. Når han fridde braut ho med sed og skikk på den tida, ved å takke ja til ein friar utan å spørje foreldra om råd først. Tre år seinare busette dei seg på ein gard på Nedre Rotset i Volda som faren hadde kjøpt til dei. Hit flytte etter kvart også Rasmus Steinsvik frå Dalsfjorden, og med tida blei garden eit radikalt åndssenter. Her skipa dei målsskule, og diskuterte kvinnesak, kristendom, litteratur, sosialisme, anarkisme og nasjonalisme. Til sist byrja dei også å gje ut Målbladet Vestmannen frå 1887-1890 som den første lokalavisa skrive på landsmål, etter initiativ frå Synnøve Riste. I arbeidet med avisa kom ho tett på redaktør Steinsvik. Trass i at ho appellerte om økonomisk hjelp frå Bjørnstjerne Bjørnson, var ikkje den radikale avisa levedyktig på lang sikt. Vinteren 1889 blei Steinsvik oppmoda til ta over Fedraheimen av Ivar Mortensson-Egnund, og reiste til Tynset. I mellomtida hadde Synnøve Riste blitt gravid med Steinsvik. Ho innrømte forholdet overfor ektemannen, som likevel ikkje ville skiljast. Barnet blei fødd 1. oktober, og fekk namn etter mora, som døydde i barselseng.

Bygget som huser avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved Høgskulen i Volda er oppkalla etter Synnøve Riste.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fuglseth, Kristian (26.04.2010). «Flott opning av Synnøve Riste-huset». www.hivolda.no. Henta 16. januar 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]