Synoptisk skala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Synoptisk skala er ein horisontal storleiksskala som vert brukt i meteorologi og gjeld vêrsystem med ein storleik av orden 1000 km eller meir.[1] Dette er storleiken til typiske lågtrykk og høgtrykk på midlare breidder, og som gjev oss det meste av vêret her i Noreg. Ordet «synoptisk» kjem av det greske ordet «sunoptikos» som tyder «sett i lag».

Navier-Stokes-likningane gjeld for atmosfæriske rørsle som er forenkla ved skalaanalyse i synoptisk skala. Ein kan vise at hovudleddet i dei horisontale likningane er corioliskrafta og trykkgradientkrafta, og at vi derfor kan bruke geostrofisk approksimasjon. I vertikale koordinatar vert momentumlikninga forenkla til hydrostatisk likning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. American Meteorological Society. Cyclonic scale. Retrieved on 21 January 2017. Archive