Siracusa

Koordinatar: 37°5′N 15°17′E / 37.083°N 15.283°E / 37.083; 15.283
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Syrakus)
Siracusa
Sjøsida av Siracusa
Sjøsida av Siracusa
Sjøsida av Siracusa
Plassering
Siracusa is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Sicilia
Siracusa
Grunnlagd 734 eller 733 fvt.
Borgarmeister Giambattista Bufardeci
Geografi
Flatevidd
 - By

204 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

123 322
  593/km²
Koordinatar 37°5′N 15°17′E / 37.083°N 15.283°E / 37.083; 15.283
Høgd over havet 17 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 96100
Telefon-retningsnummer 0931
Nettstad: www.comune.siracusa.it

Siracusa (siciliansk Sarausa, latin Syracusae, òg kalla Syracuse på fleire språk) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen SiracusaSicilia og har om lag 125 000 innbyggjarar.

Han vart av Cicero skildra som «den flottaste greske byen og den vakraste av dei alle». Det antikke senteret i Siracusa er på UNESCO si verdsarvliste.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gresk periode[endre | endre wikiteksten]

Siracusa og det omliggande område har vore busett sidan antikken. Han vart grunnlagd i 734 eller 733 fvt. av greske kolonistar frå Korint og Tenea, leia av Archias, som kalla han Sirako etter dei nærliggande myrområda. Sentrum av den gamle byen var den litle øya Ortygia. Innbyggjarane fann god jord som kunne dyrkast og dei innfødde stammene tok generelt godt imot dei.

Teater i Siracusa frå antikken

Byen voks og blømde, og i ein periode var han den mektigaste greske byen i heile Middelhavet. Det vart grunnlagt koloniar i Akrai (664 fvt.), Kasmenai (643 fvt.) og Kamarina (598 fvt). Etterkomarane av dei første kolonistane, kalla Gamoroi, hadde makta heilt til dei vart kasta ut av Killichiroi, den lågare klassen i byen. Gamoroi kom derimot tilbake til makta i 485 fvt. med hjelp frå Gelo, herskaren av Gela. Gelo sjølv vart despot i byen og flytta mange innbyggjarar frå Gela, Kamarina og Megera til Siracusa og bygde nye bydelar utanfor bymurane. Han bygde òg eit nytt teater, teikna av Damocopos, som gav byen ein blømande kulturliv. Dette trekte kunstnarar som Aeschylus, Ario av Metimma, Eumelos av Korint og Sapfo, som var i eksil her frå Mytilene, til byen. Den veksande makta til Siracusa førte til slutt til strid med Kartago, som styrte dei vestlege områda av Sicilia. I slaget ved Himera slo Gelo, som hadde alliert seg med Theron av Agrigento, den afrikanske styrken leia av Hamilcar. Eit tempel som var berettiga Athena (der domkyrkja i dag står), var reist til minne om hendinga.

Myntar frå Siracusa om lag 415-405 fvt.

Gelo vart etterfølgt av bror sin Hiero, som kjempa mot etruskarane ved Cumae i 474 fvt. Styret hans var lovprist av diktarar som Simonides av Keos, Bacchylides og Pindar, som vitja hoffet hans. Eit demokratisk regime vart innført av Thrasybulos (467 fvt). Byen heldt fram å vekse på Sicilia. Dei kjempa mot dei opprørske Siculi, og i Tyrrenhavet gjorde dei ekspedisjonar til Korsika og Elba. Seint på 400-talet fvt. var Siracusa i krig med Aten, som var på leit etter fleire ressursar i peloponneskrigen. Siracusa gav derfor støtte til Sparta for å slå atenarane ved å øydeleggje skipa deira og etterlate dei på øya for å svelte i hel.

Ikkje lenge etter, tidleg på 300-talet fvt. var tyrannen Dionysius den eldre igjen i krig med Kartago, og sjølv om dei tapte Gela og Camarina, heldt dei makta over det meste av Sicilia. Etter krigen var over bygde Dionysius massive festningar på øya Otrigia i byen, og ein 22 km lang bymur rundt heile Siracusa. Etter ein annan periode med ekspansjon, der Naxos, Catania og Lentini vart øydelagde, kom byen igjen i krig med Kartago (397 fvt). Afrikanarane klarte til slutt å omleire Siracusa, men vart slått tilbake av ein pestepidemi. Ein avtale i 392 fvt. gjorde at Siracusa kunne utvida områda sine og grunnlegge byane Adrano, Ancona, Adria, Tindari og Tauromenos, samt erobre Reggio Calabria på fastlandet. Bortsett frå krigshandlingane var Dionysius kjend for sin hugnad for kunst og Platon vitja Sircusa ved fleire høve.

Omleiringa av Sircusa på eit stikk frå 1600-talet.

Ettefølgjaren hans var Dionysius den yngre, men han vart kasta ut av Dion i 356 fvt. Dion sitt despotiske styre førte derimot til at han òg vart kasta ut og Dionysius kunne ta tilbake trona i 347 fvt.. Eit demokratisk styre vart innført av Timoleon i 345 fvt. Ei lang rekkje interne stridar hadde svekka makta til Siraucsa på øya, og Timoleon prøvde å rette på denne situasjonen og slo kartagarane i 339 fvt. nær Krimisos. Stridane mellom dei forskjellige delane av byen starta opp att etter han døydde og enda då ein annan tyrann, Agathocles, tok makta i eit kupp i 317 fvt. Han tok opp att krigen mot Kartago med vekslande hell. Han tok likevel ein moralsk siger ved å føre krigen mot Kartago til afrikansk jord og påføre fienden store tap der. Krigen enda med ein fredsavtale som ikkje hindra kartagarane å blande seg inn i politikken til Siracusa etter tyrannen Agathocles døydde i 289 fvt.. Innbyggjarane kalla derfor på Pyrrhus av Ipiros for støtte. Etter ein kort periode under styret til Ípiros, tok Hiero II makta i 275 fvt.

Hiero innførte ein periode på femti år med fred og velstand, og Siracusa vart ein av dei mest kjende hovudstadane i antikken. Han innførte den såkalla Lex Hieronica, som seinare vart tatt opp av romarane då dei styrte Sicilia. Han bygde ut teateret og eit nytt, strålande alter, «Hieros Ara», vart bygd. Under hans styre var den mest kjende innbyggjaren naturfilosofen Arkimedes. Han fann mellom anna fleire militærutstyr som Arkimedeskloa, som seinare vart nytta til å stå imot romarane si omleiring i 214 BC–212 fvt.

Hiero sin etterfølgjar, den unge Hieronymus (styrte frå 215 fvt.), braut alliansen med romarane etter tapet deira ved Cannae og tok imot støtte frå Kartago. Romarane under konsul Marcus Claudius Marcellus la ei omleiring på byen i 214 fvt. Byen heldt ut i tre år, men fall i 212 fvt.. Ein meiner at byen fall på grunn av at ei lita dør vart opna under fredsforhandlingar. Romarane storma gjennom døra, tok byen og Arkimedes mista mellom anna livet i prosessen.

Frå romarane til mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om byen gradvis var i tilbakegang var Siracusa hovudstad for romarane på Sicilia og hamna var viktig for handel mellom dei austlege og vestlege områda av riket. Kristendomen spreidde seg i byen etter at Paulus forkynte i byen og St. Marziano, den første biskopen i byen, gjorde han til eit av dei viktigaste sentera for omvending i Vesten. I denne tida førte forfølgingane av dei kristne til at det vart bygd massive katakombar og berre katakombane i Roma er større.

Etter ein periode under vandalar, vart Siracusa gjenerobra av Belisarius for Austromarriket (31. desember 535). Frå 663 til 668 var Siracusa sete for keisar Konstans II, i tillegg til metropolis for heile den sicilianske kyrkja.

Ei anna omleiring i 878 enda med ei grov plyndring av byen og han kom inn under eit to hundre år langt muslimsk styre. Siracusa mista statusen som hovudstad til fordel for Palermo. Domkyrkja vart omskapt til ein moské og bydelen på øya Ortygia vart gradvis ombygd til islamsk stil. Byen klarte å halde på handelssambanda sine og hadde eit relativt aktiv kulturelt og kunstnarisk liv. Fleire arabiske diktarar, inkludert Ibn Hamdis, den mest kjende sicilianske diktaren på 1100-talet, budde her.

I 1038 gjenerobra den austromerske generalen Georg Maniaces byen, og sende leivningane av St. Lucia til Konstantinopel. Borga på neset på Ortygia er kalla opp etter han, men vart bygd under Hohenstaufen sitt styre. Normannarane tok til slutt Siracusa, ein av dei siste høgborgene til sarasenarane på Sicilia, i 1085 etter at Roger I av Sicilia og sonen Jordan av Hauteville omleira byen gjennom sommaren. Sonen vart greve i byen. Det vart bygd nye bydelar og domkyrkja og mange andre kyrkjer vart restaurert.

I 1194 okkuperte Henrik VI av Schwaben Siracusa. Etter ein kort periode under Genova (1205–1220), som førte til auka handel, vart Siracua igjen erobra av keisar Fredrik II. Han starta bygginga av Castello Maniace, bispepalasset og Bellomopalasset. Etter Fredrik II døydde følgde ein periode med ufred og anarki. I kampane mellom Anjou og Aragon om styret i byen, valde Siracusa Aragon si side og slo Anjou i 1298. På grunn av dette fekk dei mange privilegium av spanjolane.

Domkyrkja i Siracusa.

Moderne tider[endre | endre wikiteksten]

Byen vart råka av to kraftige jordskjelv i 1542 og 1693, og i 1729 vart han råka av pest. Øydeleggingane endra Siracusa og Val di Noto for alltid og byane vart bygd opp at i siciliansk barokk-stil. Kolera spreidde seg og i 1837 førte dette til opprør mot Bourbon sitt styre. Som straff vart provinshovudstaden flytta til Noto, men uroa vart ikkje heilt fjerna og Sircusa tok del i det sicilianske sjølvstendeopprøret i 1848.

Etter samlinga av Italia i 1865 fekk Siracusa tilbake statusen som provinshovudstad. I 1870 vart bymurane øydelagd og det vart bygd ei bru frå Ortygia til fastlandet. Dei neste åra vart det òg bygd jernbanesamband.

Siracusa vart hardt råka av bomber frå både dei allierte og tyskarane i 1943. Etter den andre verdskrigen vart dei nordlege områda av Siracusa kraftig utbygd, ofte på kaotisk vis, som følgje av industrialiseringa av byen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Siracusa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]