Syrdalsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Syrdalsfjorden er ein liten fjord i Lindesnes kommune. Han ligg vest for Unnerøy og sør for Lonestranda. Fjorden har to innløp, eit mellom Unnerøy og Svinør, og eit lenger vest mellom Svinør og fastlandet ved tettstaden Åvik. Frå innløpet ved Svinør fyr og nord til Lonebukta ved Londestranda er fjorden om lag 3 km lang. Riksveg 460 går langs nordsida av fjorden.

På andre sida av Unnerøy ligg Sniksfjorden, medan innløpet til Remasfjorden ligg vest for Åvik.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Agder å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.