Syreslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå syre.
Syreslekta
Blütenstand Sauerampfer.jpg
Engsyre (Rumex acetosa)
Vitskapleg namn
Rumex
Utbreiing
Område: Den nordlege halvkula
Systematikk
Rike: Plantar
Klasse: Tofrøblada plantar
Orden: Caryophyllales
Familie: slireknefamilien
Slekt: Rumex

Syrer er ei planteslekt i slireknefamilien som omfattar rundt 200 artar av eittårige, toårige og fleirårige (staudar med syrlege blad. Dei store, grove artane blir i Noreg gjerne kalla «høymole» og dei mindre «syre».

Syrene er opprettveksande plantar med kraftige pålerøter. Blada dannar ein grunnstilt rosett, mens dei få blada på dei blomstrande skota er spreidtstilde og som regel smalare. Blomane er svært små, men sit samla i store mengder i toppen av skota. Dei fleste artane inneheld oksalsyre og tannin.

I Noreg finst det 16 artar, fleire er innførte og rekna som ugras, medan andre kan etast. Engsyre og småsyre er mellom dei som kan brukast til supper og salatar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Syreslekta


Kjelder[endre | endre wikiteksten]