Syrisk kristendom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Syrisk kristendom er ei retning innan kristendommen som følgjer kristne tradisjonar frå Syria. Mange av dei bruker gammalsyrisk, ein variant av arameisk, som liturgispråk.[1][2][3]

Den syriske kristendommen er hovudsakleg utbreidd i Midtausten og i den indiske delstaten Kerala. Syrisk kristendom er rekna som ein del av austleg kristendom, og er delt inn i to hovudgrupper:[4] Ei vestleg som følgjer antiokensk ritus og ei austleg som følgjer kaldeisk ritus.[5]

Kyrkjer innan syrisk kristendom[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rompay 2008, s. 365–386.
  2. Murre van den Berg 2007, s. 249.
  3. Kitchen 2012, s. 66–77.
  4. Varghese 2019, s. 391–404.
  5. John Hardon (25. juni 2013). Catholic Dictionary: An Abridged and Updated Edition of Modern Catholic Dictionary. Crown Publishing Group. s. 493. ISBN 978-0-307-88635-4. 
Bibliografi
Spire Denne kristendomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.