Systema naturae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Systema Naturae)
Systema naturae

Tittelsida til den fyrste utgåva av Systema naturae
Forfattar(ar)Carl von Linné
Språklatin
Utgjeven1735
Tittelblad til tiande utgåva av Systema naturae

Systema naturae per regna tria naturae, secundum classes, ordines, genera, species cum characteribus, differentiis, synonymis, locis, til vanleg forkorta Systema naturae, er ei bok av Carl von Linné, første gong publisert i 1735.[1] Den latinske tittelen tyder 'Systematikken i naturen, dei tre rika i naturen, underordna klassar, ordnar, slekter, artar med deira karakteristikkar, skilnader, synonym og lokalitetar'.

I dette verket skriv Linné om alle artar som han kjende til i planteriket, dyreriket og mineralriket . Han grupperer her artane tufta på observasjonar av ytre kjenneteikn. Linné var på denne tida av sin vitskaplege karriere ein sterk tilhengar av prinsippet om at artane var uforanderlege, og han påviste ikkje nokon evolusjonær utviklingsline. Mot slutten av sin vitskaplege løpebane kom Linné meir og meir til å gje opp tanken om at artane er uforanderlege, etter å ha gjort mange observasjonar omkring hybridisering. Nokon evolusjonslære utvikla han likevel aldri teoriar om.

Arbeidet til Linné tok utgangspunkt i den engelske naturforskaren John Rays arbeid (blant anna presentert i Historia generalis plantarum), men vidareutvikla prinsippa og metodane hans. Andre vitskapsmenn som har hatt innverknad på Linné sitt arbeid med denne boka er Andrea Cesalpino, Joseph Pitton de Tournefort og Sébastien Vaillant.

I boka presenterer Linné den biologiske systematikken for klassifiseringa av biologiske artar som har vore bruka sidan, og som i prinsippet enno vert bruka i dag. Kvar art vert tildelt eit vitskapleg namn, basert på latin, samansett av artens slektsnamn og artsnamn. Til saman utgjer dette ei unik nemning for arten. Slektsnamnet vert skrive med stor forbokstav, og heile namnet vert skrive i kursiv. Denne toledda nemninga vert kalla for eit binomen.

Boka kom ut fleire gonger i auka og omvølte opplag. Det første opplaget var på berre 11 sider, medan den 13. utgåva, frå 1770, var på over 3000 sider. I den 10. utgåva (1758) overførte Linné kvalane frå fiskane til pattedyra, og denne boka er i dag rekna som den eldste gyldige kjelda for vitskaplege namn på biologiske artar innan dyreriket. Innan planteriktet reknast tilsvarande Linnés Species plantarum (Växternas arter) frå 1753 som den eldste kjelda.

Systema naturae har vore eit grunnlag for vitskapleg arbeid innan biologien, på tilsvarande måte som det periodiske systemet har vore eit grunnlag for kjemien. Men mineralriket er ikkje lenger rekna som eit separat rike på same måten som plantar og dyr. Viktige systematiske endringar gjort i ettertida er at soppane er utskilte i eit rike for seg, dessutan er bakteriar og protoktistar rekna som separate rike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Under tittelen Systema naturae: sive regna tria naturae systematice proposita per classes, ordines, genera, & species

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Systema naturae er tilgjengeleg i digitalisert form:

Andre nettkjelder: