Szolnok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Szolnok
Megyeszékhely - Jász-Nagykun-Szolnok megye - Szolnok.jpg
Plassering
Szolnok is located in Ungarn
Styresmakter
Land
Region
Megye
Ungarn Ungarn
Den nordlege store sletta
Jász-Nagykun-Szolnok
Først nemnd i 1075
Geografi
Flatevidd
 - By

187,23 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

76 331
  408/km²
Koordinatar 47°10′48″N 20°10′48″EKoordinatar: 47°10′48″N 20°10′48″E
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 5000
Telefon-retningsnummer 56
Heimeside: www.szolnok.hu

Szolnok (utt. Solnok) (rumensk Solnoca) er ein by i Ungarn, og fylkeshovudstad i fylket Jász-Nagykun-Szolnok sentralt i landet. Byen ligg der elva ved elva Zagyva munnar ut i Tisza.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området har vore busett sidan antikken. Før erobringa av Ungarn var han busett av skytianarar, keltarar og avarar. Ungararane busette seg i området på 900-talet.

Byen, kalla opp etter hoffmarskalken i borga, vart først nemnd i 1075. På denne tida var han hovudstad i fylket Szolnok. Under den mongolske invasjonen vart byen forlatt. Kong Béla IV flytta nye busetjarar her, men han vart verande ein liten landsby i lang tid.

I 155051, då Det osmanske riket truga å invadere landet vart det bygd festningsverk rundt borga og ein bymur. Osmanarane omleira borga, som overgav seg 4. september 1552. Osmanarane bygde ein moske, eit offentleg bad og ein minaret, men dei fleste av desse har vorte øydelagd seinare.

Byen vart frigjort frå det osmanske styret i 1685, men vart seinare øydelagd under revolusjonen leia av prins Rákóczi tidleg på 1700-talet. Fylket Ytre Szolnok vart mellombels ein del av Heves fylke.

Szolnok starta å kome på fote att på 1700-talet. Kontroll over elva Tisza og dampskiptrafikk på elva gjorde byen viktigare. Frå 1847 vart Szolnok forbunde til Pest med jernbane.

Innbyggjarane tok del i den ungarske revolusjonen i 1848 mot Habsburgstyret. I slaget ved Szolnok vart austerrikarane slått av hæren til general János Damjanich.

Etter Ausgleich voks folkesetnaden i byen og Szolnok vart viktigare. I 1876 vart Szolnok hovudstad i fylket igjen. I 1879 hadde han alt 16 000 innbyggjarar.

Byen leid kraftig under dei to verdskrigane. I 1944 vart han utsett for kraftig bombeåtak og vart frigjort frå den nazistiske okkupasjonen av den sovjetiske hæren, som berre fann eit fåtal av personar igjen i byen.

I sosialistperioden blømde Szolnok igjen. Det vart bygd fabrikkar og turistar kom til byen då eit termalbad opna.

Szolnok fekk status som by med fylkesrettar den 13. november 1990.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Szolnok

Kjelde[endre | endre wikiteksten]