Tärnaby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 65°43′0″ N 15°16′0″ E

Kyrkja i Tärnaby

Tärnaby (sørsamisk Dearna) er ein svensk tettstad i Storumans kommun i Västerbottens län, i landskapet Västerbotten. Tettstaden ligg 85 km sørvest for Mo i Rana i Nordland. Europaveg 12 frå Mo i Rana til Helsingfors passerer gjennom Tärnaby. I 2005 hadde tettstaden 553 innbyggjarar. Tärnaby ligg nær Hattfjelldal kommune i Nordland.

Tärnaby er kjend for å ha fostra opp svenske alpinister på løpande band. Av dei 177 verdscupsigrane til Sverige gjennom tidene er 124 vunne av alpinistar frå Tärnaby. Fleire av dei mest kjende alpinistane frå Tärnaby har skibakkar kalla opp etter seg, som Ingemarbacken og Anjabacken.

Kjende folk frå Tärnaby[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]