Tåkeboge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tåkeboge med ein glorie i midten i San Francisco.

Ein tåkeboge liknar ein regnboge, men sidan vassdropane i tåke er svært små, mindre enn 0,05 mm, har tåkebogen berre ein kvitfarge, og manglar fargane ein ser i regnbogar.

Vassdropane er så små at den kvantemekaniske bølgjelengda til lys vert viktig og fargane vert smurt utover. Dette er eit anna optisk fenomen enn måneboge der fargane eksisterer, men er så svake at månebogen sjeldan er synleg.

Bilete[endre | endre wikiteksten]