Tåkeskog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tåkeskog i Monte VerdeCosta Rica.
Foto: Liz Roy

Tåkeskog er ein biotop dominert av tett skog i fuktige, tropiske og høgtliggande område, typisk mellom 2000 og 3000 moh. Det meste av denne biotypen finst i Asia, resten er delt på Latin-Amerika med 25 % og Afrika med 15 %.

I dag går areala attende grunna klimaendringar, aktivitetar i samband med vegbygging og skoghogst, og vekst i landbruksareal. Attendegongen gjer mange forskarar uroa fordi områda er kjelde for reint vatn til mange millionar menneske og fordi biotypen held eit rikt genetisk mangfald.

Fleire vidkjende artar har funne sin biotop i tåkeskogen, til dømes den afrikanske gorillaen, den kinesiske kjempepandaen, og Guatemala sitt nasjonalsymbol, praktquetzalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]