Tælavåg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tæleavåg
Geografi
Kommune Sund
Fylke Hordaland
Folkemengd[1] 490 (2012)
Folketettleik 700 /km²
Areal[1] 0,7 km²
Annan informasjon


Postnummer 5380 TÆLAVÅG
Kart
Tælavåg is located in Hordaland
60°15′55″N 4°59′10″EKoordinatar: 60°15′55″N 4°59′10″E

Tælavåg, også skrive Telavåg, er ein tettstad i Sund kommune. Staden ligg like ved det opne havetSotra utanfor Bergen i Hordaland fylke. Han er mest kjend for krigsbrotsverket som hende der den 30. april 1942.

Telavåg låg sentralt til for nordsjøfarten til motstandsrørsla, og både Shetlandsgjengen og andre skøyter henta og sette i land agentar i området. Dei lokale hadde òg vore ivrig med i motstandsarbeid.

Etter drapet på to offiserar i ei skotveksling mellom Gestapo og motstandsfolk frå Kompani Linge, meinte dei tyske okkupasjonsstyrkene at dei måtte setja eit eksempel. Reichskommisar Josef Terboven kom sjølv til bygda for å sjå til at ho vart straffa. Heile Telavåg vart jamna med jorda, og alle dei mannlege innbyggjarane sende til Sachsenhausen. 31 av dei 72 som vart sende til konsentrasjonsleiren døydde der.

Telavåg har fått ein spesiell plass i norsk okkupasjonshistorie. Ein finn ingen liknande hendingar i Noreg. Dei næraste parallellane er Lidice i Tsjekkia og Oradour-sur-Glane i Frankrike. Telavåg var eit av tiltalepunkta ved Nürnberg-domstolen som gjaldt norske tilhøve.

Historia om Telavågtragedien og motstandsarbeidet blir skildra i Nordsjøfartsmuséet, som vart opna i Telavåg i 1998.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.