Tómaros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tómaros
Τόμαρος
Høgd over havet 1 976 moh.
Ligg i/på Ioánnina i Hellas
Fjellkjede Píndos
Koordinatar 39°30′N 20°47′EKoordinatar: 39°30′N 20°47′E

Tómaros (gresk Τόμαρος), òg kalla Tmaros, tidlegare òg Tmarus, Tomarus eller Otyliskos, er eit fjell sørvest i periferieininga Ioánnina, vest for den antikke staden Dodóni. Fjellet er ein del av fjellkjeda Píndos og har ei høgd på 1 976 moh. Sjølve toppen vert kalla Pentólakos (gresk Πεντόλακος). Fjellet har ei lengd på om lag 30 km og er 15-20 km breitt. Elva Aóos (Vjosë) renn aust for fjellet.

Frå toppen av fjellet kan ein sjå Aóosdalen, byen Ioánnina og Pamvótidasjøen. På klåre dagar kan ein så vidt sjå Det joniske havet.

Nærliggande stader[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]