Tórshavn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halvøya Tinganes i Tórshavn på Færøyane
Tórshavn er hovudstaden på Færøyane. Byen ligg på øya Streymoy. Tettstaden voks fram kring tingstaden på halvøya Tinganes. Fast busetjing her finst det ikkje vitnemål om før etter reformasjonen. Tinganes er framleis sete for det færøyske Lagtinget. I gamlebyen finst mange hus frå 1500-talet og 1600-talet. I dag har byen om lag 19 000 innbyggjarar. Namnet refererer til den norrøne guden Tor, i tillegg til hamn.
Venskapsbyar [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- faroeislands.dk
- Torshavn.fo - Official Homepage (på færøysk og engelsk)
- Smyril-Line.fo - Ferja Danmark-Tórshavn (norsk)