Töcksfors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°30′35″ N 11°50′31″ E

Töcksfors shoppingcenter
Töcksfors i Årjängs kommun

Töcksfors er ein svensk tettstad i Årjängs kommun i Värmlands län, i landskapet Värmland. I 2010 hadde tettstaden 1 158 innbyggjarar.

Töcksfors ligg ved Europaveg 18, 5 km frå grensa til Noreg. Staden har eit stort kjøpesenter som blei opna i 2005. Senteret har eit 40-tals butikkar med 28 000 m² butikkareal, eitt av dei tre store kjøpesentra for grensehandel langs svenskegrensa, og vert mest nytta av nordmenn for «Harryhandel» (grensehandel). Dette er planlgd utbygd i to fasar, den den første starta i slutten på 2011 og er rekna til 5000 m². I fase 2 er dette tenkt auka med ytterlegare 7000 m². I 2012 opna eit nytt kjøpesenter ved Lindudden like vest for sentrum ved E18 som blir på kring 20 000 kvadratmeter.

Bortsett frå dette har Töcksfors fin natur å vise fram, store skogar og eit variert dyreliv med mykje elg og vilt. E18 krysser Dalslands kanal i Töcksfors, og både nordover og sørover gjev vassvegane gode båt- og kanohøve.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]