Tøffelhelt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Verkehrte Welt ('Bakvendtland') av Israhel van Meckenem frå slutten av 1400-talet viser ei kone som svinger septeret, eller styrer, medan mannen lagar ei hespe (garnbunt) med handtein og hespetre, eit typisk kvinnearbeid. Kvinna ber snabelsko (tøflar).

Tøffelhelt er ein mann som vert kommandert rundt av kona. Ordet er blitt til gjennom at tøflar, som er vanleg fottøy innomhus, blei brukt som symbol på heimearbeidande kvinner. Ein mann som var «under tøffelen» var ein som var underlagt kona si.

Omgrepet stammar frå tysk som unter dem Pantoffel stehen ('stå under tøffelen'). Det kan visa til ein gammal skikk der ein meinte at den som trakka ektefellen sin på foten under vigselen, kom til å få makta i ekteskapet.

Omgrepet er populært i vitsar og teikneseriar. Finnbeck i teikneserien Finbeck og Fia er til dømes framstilt som tøffelhelt. Det same er Hårek som ikkje er redd for å fara i viking, men likevel ikkje tør å setta seg opp mot kona Gyda.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]