Tømmerbil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Volvo FH16 tømmerbil.

Tømmerbil er ein lastebil som vert nytta for å køyra tømmer. Tømmerbilar kan frakta heiltømmer eller tømmer kappa i standardlengder. For å frakta heiltømmer nyttar ein ofte semitrailer, medan det er meir vanleg å nytta slepvogn for kappa tømmer. Det er vanlegvis ei eller to lengder på trekkvogna og to eller tre lengder på tilhengaren. I Noreg er det vanleg med ei lengd på trekkvogna og ei på hengaren. I Sverige er største lengd 24 m og det er vanleg å lasta to lengder på hengaren. På nokre strekningar er det innført ei prøveordning med modulvogntog, som tillet opp til 60 tonn i Noreg og 90 tonn i Sverige.

Tømmerbilar er utstyrte med støtter på sidene som held tømmeret på plass. Under transport vert støttene heldt saman av stramme kjettingar. Støttene kan løysast ut i underkant, slik at storparten av tømmeret rullar av av seg sjølv. Det er svært viktig at lasset er godt sikra, ettersom det kan føra til alvorlege ulukker om lasset ramlar av i trafikken. Tømmerbilar har høgt tyngdepunkt, så det er naudsynt å syna aktsemd og setta ned farten i skarpe svingar og på glatt føre.

Tømmerbilar vert ofte lasta med tømmerkran, som kan vera montert på tømmerbilen, eller på ein annan bil som vert nytta berre til lasting. Føremonen med å nytta ein eigen bil til tømmerkrana at ein då får større nyttelast på tømmerbilane. Ein kan òg nytta hjullastar med tømmergaffel for å lasta tømmeret.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]