Tømmerfløyting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tømmerfløytarar med fløytarhakene sine på eit finsk frimerke frå 1963.
Tømmerfløytarar i Klarälven i Sverige i 1918.
Moderne mekanisert tømmerfløyting i Vancouver.

Tømmerfløyting er transport av tømmer nedover vassdrag eller over sjøar ved å late tømmerstokkane flyte i i vatnet og soleis verte ført nedover elva med straumen, eller verte drege med båt der straumen er for veik, som over sjøar og store vatn. Tømmeret kan fløytast som «laustømmer» (enkeltstokkar) eller i «soppar» (flåtar av samanbundne tømmerstokkar). Tømmerfløyting spela ei avgjerande rolle for utnyttinga av skogeigedomar i ei tid då det ikkje var mogleg å frakta tømmeret til lands. I dag har lastebilar og tog overteke det aller meste av denne transporten.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fløyting blei utvikla i samband med tidleg skogbruksindustri i Europa og Nord-Amerika. Medan ein tidlegare hadde sett opp mindre sagbruk som kunne flyttast nær hogst-staden, blei det no laga større, stasjonære bruk. Desse låg som regel ved den nedre delen av ei elv, og tømmeret blei fløyta til dei med elva.

Laustømmerfløyting i elvar er ofte tenkt på som den «opphavlege» fløytinga. Den siste laustømmerfløytinga i Noreg vart avvikla i Trysilelva i 1991[1]. Fram til 2005 vart det framleis fløyta sopp-tømmer i Skiensvassdraget, til papirfabrikken Union i Skien. I 2006 var det slutt på all kommersiell tømmerfløyting i Noreg.

Teknikk[endre | endre wikiteksten]

Med få unntak vart tømmerfløytinga i elvar gjort i samanheng med vårflaumen, sidan fløytinga var avhengig av store vassmengder. I sideelvar og andre stader med lita vassføring vart det bygt fløytingsdammar for å samle opp vatnet og sleppe det ut når fløytinga tok til, slik at det vart nok vatn for tømmertransporten nedover vassdraget.

For å vedlikehalde og passe på dammane, for å føre tømmeret fram og losne tømmer som sat fast, og for å reinske opp og sende av garde tømmer som låg att langsetter elva etter fløytinga, vart det tilsett fløytarar. Kvar fløytar hadde ein fløytarhake, ei lang trestong med ein jarnhake i eine enden, til å hjelpe seg med for å dra eller styre tømmerstokkane når det var naudsynt, eller for å skilje frå kvarandre tømmerstokkar som hadde hengt seg fast og floka seg saman i elva.

Fløytarane hadde eit hardt og ofte farleg arbeid. Det vart lett å miste livet ved å falle i vatnet og verte knust av stokkane når dei skulle dragast i eller styrast for ikkje å setje seg fast på vanskelege stader i den strie elva, og ein måtte kunne kome seg unna i tide etter at lunta var tent når det vart naudsynt å nytte dynamitt for få laus tømmer som hadde hengt seg fast og tårna seg opp i haug, slik at fløytinga stoppa opp. Ein fløytar måtte difor kunna halde seg oppe og kome seg fram på flytande og rullande tømmerstokker. Desse evnene blir i dag viste fram under tevlingar på nokre festivalar.

Fløytarane vart ofte tilsette av ei fellesfløytingsforeining, som var eit samarbeid mellom tømmerkjøparane i kvart einskild vassdrag.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Thorseth, L., Årringer - Skogbygda Trysil, 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]