Tønsbergs Hvalfangeri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tønsberg Hvalfangeri)

A/S Tønsbergs Hvalfangeri var eit norsk kvalfangstselskap som dreiv fangst i Sørishavet og vart stifta 1. oktober 1907.

Selskapet etablerte seg med det flytande kvalkokeriet «Bucentaur» («Busen») i Husvik Harbour i StrømnesfjordenSør-Georgia 24. desember 1907. I sesongen 1910/1911 vart aksjekapitalen utvida og ein landstasjon etablert i Husvik. Tønsbergs Hvalfangeri dreiv fangst først med to fangstbåtar, deretter tre og etterkvart fire fangstbåtar fram til nedlegginga av verksemda i Husvik i 1931. I dei 24 åra det var drift i Husvik vart 16 200 kval fanga og 900 000 fat kvalolje og 380 000 sekker guano produsert.[1] Husvik vart opna på ny i 1945 og selt i 1960.

Frå 1920 til 1931 dreiv Tønsbergs Hvalfangeri òg kvalfangst rundt Sør-Orknøyane og i perioden 1925-27 med kvalfangst langs kysten av Peru.

Disponentar[endre | endre wikiteksten]

  • 1907–18 Oscar Hytten
  • 1918–38 Hans Borge
  • 1938–45 Fadum & Wang
  • 1945–55 A. C. Olsen
  • 1955– Bror von der Lippe

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Landsstasjonane». Hvalfangstmuseet. Henta 9. april 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]