Tørke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tørke er ein lengre periode der tilgangen til vatn er under dei statistiske behova for ein region. Vanlegvis er tørke ein lengre periode med regnmengder under normalen, men kan òg vere tørre brønnar eller innsjøar. Kva som er normale nedbørsmengder varierer derimot frå region til region, og tørke oppstår i om lag alle klimasoner i vera. Konsekvensen av tørken kan derimot variere mykje frå område til område, avhengig av jordbruk og vassbehov.

Definisjon[endre | endre wikiteksten]

Jorde nær Benambra, Victoria i Australia som lid av tørke.

Ein har fire grupper tørke:

  • Meteorologisk tørke oppstår når ein har ein lengre periodar med mindre regn enn normalt. Som oftast er dette starten på dei andre gruppene med tørke.
  • Jordbrukstørke oppstår når avlingar ikkje får nok fukt. Desse forholda kan oppstå på grunn av jordsmonn og jordbruksteknikkar, sjølv om ein har normal nedbør.
  • Fysiologisk tørke oppstår når planter har vert utsett for store mengder salt, som hindrar dei å ta opp vatn frå jorda. Dette har ikkje samanheng med meteorologisk tørke.
  • Hydrologisk tørke har ein når eit vassreservoar som eit vassførande sjikt, ein innsjø eller eit reservoar har mindre vatn enn det statistiske middelet. Denne typen tørke kan oppstå sjølv om ein har normal nedbør når ein bruker vatn frå reservoaret.

Konsekvensar[endre | endre wikiteksten]

Periodar med tørke kan ha stor innverknad på miljø, økonomi og sosiale forhold. Dei mest vanlege konsekvensane er:

Konsekvensen kan variere etter kven som vert råka. Ein sjølvberga bonde må kanskje flytte under tørkeperiodar fordi han kanskje ikkje har andre matkjelder. Folkegrupper som er avhengige av sjølvbergingsjordbruk er mest sårbare for tørke og svolt. Tørke er sjeldan den einaste årsaka til svolt. Sosialpolitiske faktorar, som utbreidd fattigdom, spelar òg ei stor rolle.

Tørke kan òg redusere vasskvaliteten fordi svake vasstraumar ikkje blandar ut forrureining like godt.

Kjende tørkeperiodar[endre | endre wikiteksten]

1800-1900-talet, Kapp Verde[endre | endre wikiteksten]

Tre tørkar førte til at meir enn 100 000 mista livet. Desse tørkane førte til at mange flytta til stader som New England for å delta i kvalfangstindustrien

1900, India[endre | endre wikiteksten]

250 000 til 3,25 millionar døydde som følgje av tørke, svolt og sjukdom.

1921-22, Sovjetunionen[endre | endre wikiteksten]

I Ukraina og Volgaområdet mista mellom 250 000 og 5 millionar menneske livet som følgje av svolt og tørke.

1928-30, nordvestlege delar av Kina[endre | endre wikiteksten]

Svolt førte til at 3 millionar menneske mista livet.

1936, Sichuanprovinsen i Kina[endre | endre wikiteksten]

Den verste tørken i moderne historie. 34 millionar bønder vart omplassert og 5 millionar menneske mista livet.

1930-37, USA og Canada[endre | endre wikiteksten]

Tre tørkeperiodar desse åra dannar ein tidsperiode som vert kalla «The dust bowl». Sidan desse tørkeperiodane skjedde samtidig med den økonomikse depresjonen i USA, fekk den stor innverknad, og førte til at fleire område vart tømd for folk som ikkje lenger kunne leve av jordbruk. Desse folka vert kalla «Okies».

1941, Sichuanprovinsen, Kina[endre | endre wikiteksten]

Den tørken var ikkje så alvorleg som den i 1936, men tok likevel livet av 2,5 millionar menneske. Sidan Kina var i krig med Japan på denne tida kan tørken ha vore indirekte årsaka til mange andre dødsfall.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]