Tøyen stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tøyen stasjon på T-banen

Tøyen stasjon er ein T-banestasjonTøyen i bydel Gamle Oslo i Oslo, og den austre stasjonen på fellestunnelen for T-banelinene gjennom sentrum av byen, der Majorstuen stasjon er den vestlege. Frå Tøyen stasjon går linene Ringen og Grorudbanen i tunnel nordover, og Furusetbanen, Lambertseterbanen og Østensjøbanen i tunnel austover. I tillegg til kvar av plattformene for austgåande og vestgåande tog, har stasjonen ei særskild plattform for tog mot sentrum som kjem frå Grorudbanen og Ringen.

Stasjonen vart opna i 1966 som ein lekk i T-banenettet for dei austlege delane av Oslo. Det er nedgang til stasjonen i nærleiken av senteret på Tøyen, Tøyen torg. Frå stasjonen er det gangavstand til Botanisk hage, Munchmuseet og Tøyenbadet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]