Valking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tøyvalkarstokk)
Skotske kvinner som valker rundt 1770.

Valking (frå norrønt valka, 'drive fram og attende') er ein teknikk som går ut på å behandla vove ullstoff for å gjera det tett og tjukt. Ein valkar stoffet i våt tilstand, til dømes med varmt såpevatn. Ved valkinga vert ulltøyet stampa eller gnidd mellom rifla valsar slik at overflata filtrar seg. Vadmål er eit døme på eit stoff som har blitt sterkt valka. Stoffet er gjerne blitt vove av uvaska ullgarn og deretter valka i særskilde stampar.

Valking kan minna om filting og toving, men medan valking tek for seg vove stoff, kan filting brukast på lause fiber, medan toving gjerne viser til forming av ferdige tekstilprodukt.

Opphav til etternamn[endre | endre wikiteksten]

Valking kan på engelsk kallast fulling, tucking eller waulking, og har gjeve opphav til etternamna Fuller, Tucker og Walker/Waulker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Valking