Týmfi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Týmfi
Τύμφη
Høgd over havet 2 497 moh
Ligg i/på Ioánnina i Hellas
Fjellkjede Píndos
Koordinatar 39°59′50″N 20°48′50″EKoordinatar: 39°59′50″N 20°48′50″E

Týmfi (gresk Τύμφη), òg kalla Timfi og Tymphi, er ei fjellkjede nord i periferieininga Ioánnina. Den høgaste toppen er Gamíla på 2 497 m. Andre toppar er Gamíla II på 2 480 m og Tsoúka Rósa på 2 466 m. Týmfimassivet inkluderer óg Víkosravinen, som er referert til som den djupaste ravinen (i forhold til breidda) i 2005-utgåva av Guinness' rekordbok (1 100 m breitt, 900 m djupt). Týmfi ligg i fjellkjeda Píndos.

Fjellet har ei lengd på om lag 20-25 km frå aust til vest og ei breidd på 15 km. Elva Aóos (Vjosë) renn nord for fjellet.

Frå toppen kan ein sjå Albania i nord, Smólikas i nordvest, Lýgos i aust og Mitsikéli i nord. Ein kan óg sjå byen Ioánnina og Pamvótidasjøen i sørvest.

Nærliggande stader[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]