T-34

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
T-34/85

T-34, frå russisk танк (tank) 34, er ein sovjetisk tank som vart bygd frå 1940 til 1950-åra.

Hovudsakleg vart han aktivt bruka mellom 1941 og 1945 i kampen for å slå tilbake det nazistiske overfallet på Sovjetunionen.

T-34 sameinte alt kjende moderne idear til ein for si tid svært god tank. Det skrånande panseret var nytt, og vart etterlikna av andre sidan.

T-34 sameinte eldkraft, pansring og rørsle-evne på ein god måte. Også driftssikkerheita bidrog til at denne tanken var overlegen dei tyske i same vektsklassen. Berre dei tyngre tyske tankane Tanken Panther, Tanken Tiger og Panzer IV kunne svare på utfordringa frå T-34 på slagmarkene, men dei var dyre og seine å produsere, og kravde mykje drivstoff på grunn av tyngda. T-34 var derimot enkel å produsere, og vart laga i store tal også midt under krigen i aust, da Sovjetunionen var hardt pressa, i dei nye fabrikkane som var bygde eller flytta aust for Moskva.

T-34 fekk namnet sitt på grunn av at det var i 1934 det vart vedteke å byggje opp eit sterkt panservåpen i Sovjetunionen.

Tanken er bruka av ei mengd land utanom Sovjetunionen, også lenge etter 1950-åra.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Roger Ford: T-34 Panzer. Nebel Verlag, ISBN 3-86070-799-X.
  • Janusz Magnuski: Von Tankograd nach Berlin – Entstehung und Bewährung des T-34. Militärverlag der DDR, 1980.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: T-34