T-banen i København

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
T-banen i København
Københavns Metro
Transporttype Tunnelbane
Stad København i Danmark
Opna 2002-10-1919. oktober 2002
Drift
Eigar Metroselskabet I/S
Operatør Inmetro
Sporlengde 21 km
Sporvidde 1 435 mm
Linjer 2
Stasjonar 22
Passasjertal 115 000 dagleg
Vognmateriell
Vognar AnsaldoBredas førarløyse metrotog

T-banen i København (dansk: Københavns Metro) er ein dobbeltspora, elektrisk driven tunnelbane med automatiserte, førarlause tog for persontrafikk i Københavnområdet. Han tener byane København, Frederiksberg (ein eigen kommune inni Københavns kommune) og TårnbyAmager, og vart opna i 2002. I 2007 vart han kåra av tunnelbaneekspertar til den beste tunnelbanen i verda.

Banen har 22 stasjonar, ni av dei ligg under bakken. Tunnelane er lagt 25 – 30 meter under jordoverflata for å kunne borast ut i kalkfjellet under byen med store boremaskinar som tok ut heile tunnelprofilen på ein gong. Kalksteinen er eit stabilt materiale som er veleigna til å bygge slike tunnelar i. Med unnatak for tunnelen vest for Fredriksberg stasjon er mesteparten av tunnelane bora gjennom slik kalkstein, som er eldre enn ca. 61,7 millionar år. Over kalksteinen ligg det moreneavleiringar eldre enn om lag 9.600 f.Kr., altså frå siste istida.

Til liks med det som er vanleg for tunnelbanar, får toga straum til drifta gjennom straumskjener langs spora, ikkje ved leidning over toga. I tunnelane, på motsett side av der straumskjena er montert, er det fortau som kan nyttast til evakuering av toga om det trengst, og det er naudutgangar for kvar 600 meter. Tunnelane er godt opplyste for at det skal vere lett å finne vegen ut. Elektriske kablar, vassrøyr for brannslokking og andre tekniske innretningar er plasserte under desse naudfortaua, og det er ekstra plass i kabelkanalane som vert leigd ut for fiberkablar for ulike sambandsnett.

Metrotog i nærleiken av Flintholms station. Stasjonane er ikkje bygd for tog med fleire enn tre vogner.
Metro-nettet med Cityringen (M3 og M4) innteikna.

For å spare energi til oppbremsing og start av togsetta ved stasjonane, er tunnelane bygde slik at stasjonane ligg på eit høgare nivå enn resten av banen, slik at toga køyrer i utforbakke når dei set opp farten frå stasjonen, og i motbakke når dei bremsar ned mot stasjonen. Denne løysinga har vore lett å lage til i det flate landskapet som Stor-København ligg i.

Metrotunnelen går under sundet til øya Amager, der banen deler seg i Christianshavn i ei line til Vestamager gjennom Ørestad (line M1) og ei line til Københavns Lufthavn langs Amager Strandpark (line M2), forlenga til lufthamna i 2007. På Amager går linene på jordoverflata eller som høgbane.

Metroen er open heile døgeret, og toga går utan faste rutetider, men med mellomrom som varierer i tid frå to til tjue minutt.

I 2009 hadde metroen 50 millionar reisande. Saman med S-toga og dei lokale DSB-toga, utgjer den førarlause metroen det skjenegåande transportsystemet i Københavnsområdet.

Konstruksjon av den fjerde fasen i metrosystemet, Cityringen, er byrja. Lina skal gå i tunnel i ein ring kring bykjernen, og skal etter planen opnast i 2018.

Eigaren av metroen er Metroselskabet, eit selskap som Københavns og Frederiksberg kommunar eig saman med det danske transportministeriet. Dotterselskapet Metro Service A/S opererer systemet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]