TVNorge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

TVNorge (forkorta TVN) er ein norsk fjernsynskanal. Kanalen byrja å sende 5. desember 1988 og var den fyrste norske reklamefinanserte fjernsynskanalen. Dei som stod bak TVNorge i oppstartfasen var Hallvard Flatland, Ola Grønvold, Erik Rynning og Ola Steinsrud.

I 1997 kjøpte TV 2 49,33 prosent av aksjane i TVNorge, men sal aksjane vidare til det amerikanske mediekonsernet SBS Broadcasting i 2004.

TVNorge har i dag 75 tilsette, og 88,9 prosent av folkesetnaden i Noreg kan sjå kanalen om dei vil. TVNorge er den tredje største fjernsynskanalen i Noreg ut frå talet på sjåarar. TVNorge vert distribuert via satellitt, kabelfjernsyn og gjennom eit samarbeid med eit nettverk av lokalfjernsynstasjonar som sender nokre lokale program samt TVNorge sine program.

Datafirmaet Novell Netware gjekk til sak mot TVNorge ettersom dei meinte logoen til fjernsynskanalen likna for mykje på Novell sin eigen firmalogo. Dei vann ikkje fram med saka si.


Kjende program som har/eller blir sendt på TVNorge[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]