Tabaré Vázquez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tabaré Vázquez

Tabaré Ramón Vázquez Rosas (fødd 17. januar 1940), er ein uruguayansk politikar og var president i Uruguay frå 1. mars 2005 til 1. mars 2010.

Tabaré Vázquez vart fødd i Montevideo. Han fullførte medisinsk utdanning som onkolog i 1972.

Frå 1990 til 1995 var han ordførar i Montevideo, for den breie sentrum-venstre-koalisjonen Frente Amplio (Breid front). Han stilte til val som Frente Amplio sin kandidat ved presidentvalet i 1994 og 1999. I 1999 vann han første valomgang, men vart slått i andre runde. Ved presidentvalet den 31. oktober 2004 var han igjen Frente Amplio sin kandidat. Denne gongen vann han valet i første valomgang med 50,45 % av røystene. Han vart dermed den første presidenten i Uruguay frå venstresida, og gjorde slutt på topartisystemet til Partido Nacional og Partido Colorado, som hadde dominert uruguayansk politikk sidan 1830. Valet av Vázquez som president vart sett som del av den større venstrebølga i Latin-Amerika, der Vázquez vert sett som ein av dei moderat venstreorienterte leiarane.

I 2008 la Vazquez ned veto mot ei lov som ville avkriminalisera abort under visse omstende dei første 12 vekene av svangerskapet. I desember same året melde han seg ut av Sosialistpartiet, som er ein del av koalisjonen Frente Amplio, grunna motstanden i partiet mot det restriktive abortsynet hans. [1]

Tabaré Vázquez er gift og har fire born, ein av dei adoptert. Presidentperioden hans gjekk ut i 2010, og han stilte ikkje til val igjen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. "Uruguay's leader quits his party" frå BBC News, på engelsk