Tabell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tabell er ein oversiktleg presentasjon av fakta, ofte delt inn i rader og kolonnar, og ofte med tittelradar. Vanlegvis består tabellar av skildrande fakta som kan uttrykkjast i tal, men òg tekst.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tabellar har lengje vore ein reiskap i reknskap og berekningsorientert arbeid, til dømes leire frå Sumer er rundt år 2000 fvt. ved multiplikasjon og inverterte tal. Desse vart brukt fordi det var lettare å multiplisere med inverterte tal enn divisjon med eit tal, og sluttresultatet er det same. Når bank, handel, skipsfart, folketeljingar og naturvitskap som astronomi vart utvikla, auka behovet for matematiske tabellar (oppslagstabell).

Den skotske matematikaren John Napier publiserte i 1614 den første kjende logaritmetabell. Slike tabellar gjer at multiplikasjon kan erstattast av addisjon, som kan gjere utrekningane mykje enklare.

Den engelske matematikaren og oppfinnaren Charles Babbage utvikla i 1822 ein prototype av differensmaskinen sin, som var utstyrt høve til utskrift. Målet var å produsere sjøkart ved berekning av polynom med hjelp av differensmetoden.

Innan folketeljing utvikla det seg tidleg på 1600-talet ein forløper til relasjonsdatabasen, der ei rekkje tabellar er knytt til kryssreferanser eller indeks, til dømes fødselsbok, dødsbok, husoversiktar og kyrkjebøker. På den måten kan du følgje ein individuell og ein familie gjennom ulike tider og stader, og etablere familietre og stamtavler.

Forskjellige tabellar[endre | endre wikiteksten]

Ein tabell kan innehalde enkle statistiske data, som følgjer:

Kolonne A Kolonne B
Rekkje 1 A1 B1
Rekkje 2 A2 B2
Rekkje 3 A3 B3

Ein tabell kan òg innehalde bilete, for å tydeleggjere eller gjere faktamengda enklare:

PokerHandRankings.png

Vidare er det òg mogeleg å kombinere tabellar med diagram, slik at dei kompletterer kvarandre:

ThumbnailWikiStats2.jpg

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]