Taberg

Koordinatar: 57°40′30.551″N 14°5′4.1028″E / 57.67515306°N 14.084473000°E / 57.67515306; 14.084473000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

57°40′30.551″N 14°5′4.1028″E / 57.67515306°N 14.084473000°E / 57.67515306; 14.084473000

Taberg

Taberg er ein svensk tettstad i Jönköpings kommun i Jönköpings län i Småland. I 2005 hadde tettstaden 4 223 innbyggjarar. Han ligg like sør for sentralstaden Jönköping.

Ved tettstaden finst det eit lite fjell med same namn (Taberg), som er 343 meter høgt og dermed det nest høgaste punktet i Småland etter Tomtabacken. Tabergsbusetjarane har tatt malm frå fjellet sidan 1400-talet, kanskje alt før, men det var først på 1600-talet at bergverksverksemda starta for alvor. På 1800-talet var bergverk og jernhandsaming den viktigaste binæringa for folkesetnaden i heile vestre Småland. Mot slutten av hundreåret stoppet utvinninga, for så å bli gjenopptatt frå og med utbrotet av andre verdskrigen i 1939. Det var då ein gjorde dei største inngrepa i naturen, bl.a. to store, opne dagbrot som ein framleis kan sjå. I gruvene i fjellet blir det arrangert visningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]