Tabi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne japanske kvinna har på seg tradisjonelle klede, mellom anna tabi. Måla av Chen Cheng-po i 1926.

Tabi er japanske oklesokkar med fingrar for tærne. Ein bruker dei gjerne i samband med zori (sandalar) eller geta (høge tresko), som heng fast til foten ved ein stropp mellom tærne, slik at desse må vera skilde. Det finst òg slitesterke tabiar med forsterka sålar som byggjearbeidarar og visse kamsportutøvarar kan bruka.

Svarte tabisokkar.

Tabi høyrer med til den tradisjonelle japanske klesdrakten for både menn og kvinner. Dei er som regel kvite, men menn kan òg ha svarte sokkar, og kvinner ein sjeldan gong sokkar med mønster.