Tachov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tachov
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Tsjekkia
Areal 40,847854 km²
Folketal 13 800 (1. januar 2023)
Kart
Tachov
49°47′43″N 12°38′01″E / 49.795398066933°N 12.633709213451°E / 49.795398066933; 12.633709213451
Wikimedia Commons: Tachov

Tachov, tysk Tachau, er ein by vest i Tsjekkia (Plzeňský kraj) med 12 538 innbyggjarar (2022).[1] Han ligg ved elva Mže.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området var folkesett av menneske kring 8000–6000 f.Kr. Den fyrste dokumentasjonen som nemner Tachov er frå 1115. Kong Ottokar II av Böhmen (1233–1278) bygde ei ny borg med eit stort rundt steintårn her. Han grunnla også ein by med ein mur rundt ved borga.[2]

Under Husittarkrigane (1419–1434) var byen kringsett fleire gonger og teken. Husittgeneralen Prokop den store sigra under slaget ved Tachov i 1427. Byen blei også kraftig skadd under Trettiårskrigen (1618–1648).

Fram til 1918 var Tachov (som Tachau) del av Det austerrikske keisarriket, og distriktshovudstad for Tachau. I 1938 blei byen okkupert av tyske styrkar som del av Sudetenland. Dei fleste tyskspråklege innbyggjarane blei forviste i 1945 (jf. Beneš-dekreta). Området blei deretter berre delvis folkesett att, for det meste av tsjekkarar og slovakarar, men også av tilflytta rumenarar og ukrainarar. Seinare blei det skipa ei urangruve her som trekte til seg arbeidarar. Etter Fløyelsrevolusjonen som enda kommunisttida i 1989 blei gruva stengd.

Befolkningsutvikling
År Bef. ±%
1869 5 433
1880 5 572 +2,6 %
1890 5 680 +1,9 %
1900 6 590 +16,0 %
1910 7 814 +18,6 %
1921 7 902 +1,1 %
1930 8 189 +3,6 %
1950 4 843 −40,9 %
1961 5 606 +15,8 %
1970 8 435 +50,5 %
1980 11 847 +40,5 %
1991 12 833 +8,3 %
2001 12 696 −1,1 %
2011 12 548 −1,2 %
2021 12 510 −0,3 %
Kjelde:Folketeljingar[3][4]

Kjende folk frå byen[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Population of Municipalities – 1 January 2022». Tsjekkisk statistisk sentralbyrå. 29. april 2022. 
  2. «Historie Města Tachova» (på tsjekkisk). Město Tachov. Henta 14. juni 2021. 
  3. «Historický lexikon obcí České republiky 1869–2011 – Okres Tachov» (PDF) (på tsjekkisk). Czech Statistical Office. 21. desember 2015. s. 17–18. 
  4. «Population Census 2021: Population by sex». Public Database. Tsjekkisk statistisk sentralbyrå. 27. mars 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]