Dvergdukkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tachybaptus ruficollis)
Dvergdukkar
Dvergdukkar
Dvergdukkar
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EN Sterkt trugaUtbreiinga av dvergdukkar
Utbreiinga av dvergdukkar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Podicipediformes
Familie: Dukkarfamilien Podicipedidae
Slekt: Tachybaptus
Art: Dvergdukkar T. ruficollis
Vitskapleg namn
Tachybaptus ruficollis
Dvergdukkaregg

Dvergdukkar (Tachybaptus ruficollis, der ruficollis tyder 'med raud hals') er den minste arten av dukkarfamilien i Europa. Fuglen er sjeldsynt i Noreg, og finst berre nokre få stader, helst i Oslofjordområdet, nord til stroket ikring Mjøsa, på Jæren og Sunnmøre, men vert å sjå ganske ofte i våtmarker og langsetter kysten om hausten og vinteren.[1] Fyrste gongen fuglen vart observert hekkande i Noreg, var i 1973. Han er utbreidd i Afrika og Asia

Dvergdukkaren er 23-29 centimeter, hovudsakleg med grå fjørdrakt, men med tydeleg rustraude kinn og hals, og dessuten ein markert gulkvit flekk ved nebbrota. Om vinteren er fjørdrakta dominert av grått. Båe kjønna er like.

Reiret vert plassert i takrøyrskog i små tjern eller dammar.

Dvergdukkar er ført opp som sterkt truga på norsk raudliste for artar, 2021.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hermansen, Pål og Tom Schandy, 2018 [2017], Norske fugler, Vestfossen: Forlaget Tom & Tom. Side 68. ISBN 978-82-92916-23-0
Referansar
  1. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 12. mars 2022. Henta 12. mars 2022. 
  2. Stokke BG, Dale S, Lislevand T, Jacobsen K-O, Strøm H og Solvang R (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av dvergdykker Tachybaptus ruficollis for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 25. november 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]