Taddeo Gaddi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Engelen kjem med bod til gjetarane, 1338

Taddeo Gaddi (ca 12901366) var ein italiensk målar og arkitekt i mellomalderen. Som målar laga han altartavler og murmåleri, og var i mangt og mykje ein som fylgde Giotto-stilen. Som arkitekt vert han kreditert utforminga av brua Ponte Vecchio.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Far hans var målaren Gaddo Gaddi, som ein veit lite om. Taddeo Gaddi var assistent til målaren Giotto di Bondone, og lærde det meste om måling av han. Tidlege verk som Brennemerkinga av helgenen Frans, ca 1325-30, måla på ei treplate, demonstrerer ei subtil omarbeiding av Giotto sin stil. Komposisjonane til Gaddi er rikare på detaljar og meir forteljande enn Giotto sine, med kompliserte arkitektoniske kulissar.

Gaddi sitt kanskje mest kjente verk er ein serie freskomåleri i Giugni-kapellet i Santa Croce-kyrkja i Firenze. Verket vart til i perioden 1328-38 og skildrar liva til jomfru Maria og Jesus Kristus. Arbeidet Engelen kjem med bod til gjetarane viser interessa hans for lys og lyseffektar. Omfattande studiar av solformørkingar førte etter kvart til at han i 1339 fekk ein alvorleg augeskade.

Taddeo Gaddi har fått æra for å ha utforma brua Ponte Vecchio i Firenze, og likeeins nabobygningen Ponte Santa Trinita, den siste vart øydelagd i det 16. hundreåret.

Tre av dei fire sønene hans; Giovanni Gaddi, Agnolo Gaddi og Niccolò Gaddi, var kjende målarar i samtida.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Taddeo Gaddi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]