Tafjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Om fjorden, sjå Tafjorden

Tafjord er ei bygd Norddal kommuneSunnmøre i Møre og Romsdal fylke.

Zakariasdammen oppe i dalen er sentral i Tafjord krafts anlegg.

Tafjord er særleg kjend for Tafjord-ulukka, ei rasulukke den 7. april 1934 der 40 menneske mista livet.

Kraftselskapet Tafjord Kraft har store vasskraftverk i området. Tafjord har gjeve namn til Tafjordfjella som strekker seg frå Tafjorden til Rauma og Skjåk. Det er særleg nedbørsfelta i Tafjordfjella og fallhøgdene i Tafjordvassdraget som blir utnytta i kraftverka.

Tafjorden er namnet på sjølve fjordarma som endar i strandstaden Tafjord. Til Tafjordbygda høyrer også dalføret oppover med Rødalen og Kaldhussæterdalen. Dei mest fjerntliggande gardane oppover i dalføra hadde buder ved sjøen, i «Fundergata», i budene kunne dei og overnatte. Tafjorden høyrde tidlegare til Dale kyrkje og kyrkjekleda hang gjerne i budene.[1] Tilsvarande buder hadde bøndene oppe i Valldalen på Sylte.

I 1911 skreiv Helland om Tafjorddalføret: «Dalen og elven er meget brat, hvorfor veien gjør 4 slyng og stiger videre oppover dalen. Veien stiger på hele strækningen fra sjøen til Onilsvatn temmelig stærkt, næsten uafbrudt med stigning 1:12.»[2] Frå Heimste Rødal til Øvre Rødal var det på denne tida berre rideveg, oppover Kallhusdalen til Kaldhussæter var også berre rideveg i 1911.

I Tafjorden var det i siste halvdel av 1800-talet forsøk med gruvedrift for utvinning av jern og titanjern.[3] Ei av gruvene går 20 meter inn i berget 200-400 høgdemeter ovanfor strandstaden Tafjord. Den delen av anlegget som låge nede ved fjorden vart rasert i Tafjord-ulukka i 1934.[4]

4. april 2013 vart campingplassen i Tafjord råka av eit steinras. Fleire campingvogner vart totaltskadd, men sidan campingplassen var vinterstengd, vart ingen personar skadde.[5]

Bakgrunnsstoff og kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.digitaltfortalt.no/show_single.aspx?art_id=110915&fylke_nr=
  2. Helland, Amund (1911): Topografisk-statisisk beskrivelse over Romsdals amt. Oslo: Aschehoug, s.380.
  3. Helland, Amund (1911): Topografisk-statisisk beskrivelse over Romsdals amt. Oslo: Aschehoug, s.358.
  4. Digitalt fortalt: Gruvedrift i Tafjord lese på nett 11.februar 2012.
  5. Steinras knuste campingvogner i Tafjord. Bergens Tidende (4. april 2013). Vitja 7. april 2013.