Stankfløyelsblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tagetes minuta)
Gå til: navigering, søk
Tagetes minuta


Blomst av Tagetes lucida
Blomst av Tagetes lucida

Systematikk
Rike: Plantae
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Asterales
Familie: Asteraceae
Tribus: Tageteae
Slekt: Tagetes
Art: T. minuta
Vitskapleg namn
Tagetes minuta

Stankfløyelsblom (Tagetes minuta)[1]) er ei høg, opprett plante i fløyelsblomslekta i korgplantefamilien. Planta har små blomstrar og høyrer naturleg heime i den sørølege halvdelen av Sør-Amerika. Sidan den spanske koloniseringa har han blitt spreidd rundt om i verda derimellom til Europa, Asia og Afrika.

Ocopa
Huacatay

Planta blir nytta som krydder i Peru, Ecuador delar av Chile og Bolivia der han blir kalla huacatayquechua. Huacatay-pasta er nytta til å lage den populære peruvianske potetretten ocopa. Sidan den har både «grøne» og «gul/oransje» duft[2], er smaken og lukta av fersk Tagetes minuta ei blanding av søt basilikum, estragon, grønnmynte og sitron. I latin-amerikanske matbutikkar er den seld på flakser under namnet black mint paste.

T. minuta kan bli 0.6–1.3 meter høg. Ein har i lengre tid nytta planta som ein smak- og luktfull helsebringande urtete mot forkjøling, mageproblem eller halsinfeksjonar. Blada kan bli tørka og nytta som smakstilsetting til mat. Safta frå planta kan forårsake irritasjon av huden og kan gi photodermatitis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Data knytt til Stankfløyelsblom på Wikispecies